Når eg står opp klokka 11:00, rumler det i magen. Risen koker på ovnen og eg kan kjenne lukten av kjøttet som heller på å bli frityrsteikt. Mi tia ( tanta mi) kjem med søskenbarna mine kvar morning i veke dagane, så dei er allerede godt i gang med å springe rundt huset, der fjernsynet står på barnekanalen, der ein kan høyre «Svampe-bob» eller « Scooby-doo» på full guffe. Radioen til arbeiderane som jobbar med å lage møbler er også på, og eg kan høyre nokon av menna synge med, med sine « flotte» stemmer. Hønene har begynt å kakle på nytt, medan dei også venter på at det snart er almuerzo ( lunsj).
Eg står opp av senga mi, som knaker berre eg beveger litt på beinet mitt, sengen min er heimelaga, og har litt av eit sjarm. Eg klarer fort å komme meg ut av senga, og rett inn på badet. Der det er nokon hol igjennom veggen, isteden for vindu, så hønene blir nok endå lettare å høyre. Eg kjem meg fort inn i den iskalde og forfriskande dusjen, der « shower-gel» ikkje finst, men ein liten oransj såpe som kosta 50øre. Så kvar morning må eg skrubbe meg godt inn med såpe, der eg står halveis inn i dusjen. Det tar ikkje lang tid før ein får ein teknikk på korleis ein kan vaske kroppen uten at ein må stå under dusjstrålen for lenge, der ein kan risikere kuldesjokk. Eg tar fram det tørre handklede som eg vaska for hand dagen før, berre for å vere sikker på at den er ekstra rein.
Etter at eg har fått på meg klena, går eg på kjøkkenet. Eg har ingen dør, men ein gardin som henge ned. Rett utafor rommet mitt er kjøkkenet der mamà står og laga ferdig lunsjen. For det er veldig viktig at den er ferdig 11:30. Slik at papà blir fornøgd. Eg hjelper til med å gjere maten ferdig, og får som oftast jobb som å skjære opp grønnsakene. For som mangen av dåke veit, så er ikkje eg den flinkaste i kjøkkenet
Etter at eit stort talerken er servert til papà, går eg ut i hagen for å henge opp dei våte klena, og ta ned dei tørre. Hønene springer rundt omkring overalt, og arbeidsmenna tar til med å plystre og vinke til meg, der eg står i
heimeklena mine « stor gammal t-sjorte og treningsshorts ) og håret mitt rett opp på hauet mitt, i eit strikk. Hundene begynner å følge etter meg, og eg prøver hardt å ikkje trakke i noko hønebæsj! Hagen består av ein heil haug med banantre, som står plassert overalt. Det lukter hønsebæsj, blomster, vaskemiddel og brent plastikk. Her i Panama brenner folk bosset sitt sjølv ute i hagen, fordi det kjem som oftast ikkje nokon som henter bosset her sånn som i Norge. Snakk om CO2 utslepp.
Når eg kjem inn igjen, stikker papà ut for å jobbe, og vsøskena mine sitter rundt fjernsynet med ein plastikk skål i hendene sine, som består av ris, kjøtt og bønne, og frityrsteikte Maduros, som er ein anna type banan. Maten eter ein vanligvis med skei. Dei sitter med auga klistra til fjernsynet, og godt fornøgde med at dei endelig får ete. I mitt hus er det slik at mannen i huset, skal ete ferdig først, og så kan resten ta til med å forsyne seg.
Når eg er ferdig med å ete, og sosialisere mykje med familien, vaskar eg utafor huset...as always.
Når klokka nerma seg 14:00 får eg lyst ned til sentrum for å vere med venner, eller ta meg ein tur til internett kafeen. Det er nok ikkje berre å gå sin vei. Først må ein spørr om lov. « Puedo ir al cyber con mis amigos, y despues
quiero ir a la panadaria para comer!» Her må ein alltid spørr « kan eg» og aaaldri « eg skal»
Eg får nok alltid svaret ja, men det å spørr er så utrulig viktig. Om ein berre reiser ein plass, og ikkje har spørt først, kan det bli konsekvensa, her kan ein ikkje berre sende melding og spørr om lov. Ein må alltid spørr om alt i huset først, før ein reiser ut. Om ein gløymer noko kan ein ringe, men meldingar er ikkje noko populært.
Eg stikker ut på veien, utafor huset og venter på at enten ein buss eller taxi kjem. Om ikkje eg skal hente Caroline på veien, tar eg som regel bussen som går forbi ganske ofte. Medan eg venter, tuter bilane og folka vinker, heeeeilt til du vinker tilbake, og roper « Hooolaaa maaaamiiii» ut glaset. Det er mykje boss overalt, og naboungane blir kjefta på av foreldra og springer rundt huset nesten nakne. Bilar med frukt og grønne banane « plàtanos» køyrer forbi på veg ned til sentrum. Sola steiker ned på meg der eg står, og som regel går eg litt nedover veien for å stå under eit papaya eller palmetre medan eg venter.
Der kjem bussen, der ein gutt/mann frå alderen 11- 45 opna døra. Han er dunka i parfyme( som alle panamenarar) og helser på deg, og seier kor du skal plasere deg på bussen. Fordi som oftast må ein stå i midten av bussen, eller sitte på ein slags pute ved siden av sjåføren. I bussane her i Panama har dei klart å lage ein slags sitteplass på alle slags mulige rare plassa. Det dundra latin-amerikansk musikk på radioen og du kan kjenne den deilige air- condition og lukta av jordbær eller kokosnøtt « wunderbaum»
Eg betaler 30cent = 0,05kr for bussturen ned til sentrum. I sentrum er det mangen små butikker overalt, mangen hårfrisører, bankar, bakeri, matbutikker, fin park der dei selger mat og har frukt marked. Ein trafikk av guletaxiar, bussar, andre bilar og panamenske « cowboys/girls»på hest suser forbi. Urfolk mødrene frå provinsen min ligger strøtt utafor butikkane, med ein liten baby i armen og som oftast to andre små jenter. Som går rundt og tigga etter penger, medan mora ligger i skyggen med ungen. Det lukter alt ifrå frukt, til ris, kylling, kjøtt, brød, spy, alkohol, eksos, og alle andre luktar du kan tenke deg.
Du kan høyre ein blanding av all slags musikk som dundra i all forskjellige retningar og menn og kvinne som selger, is, saft, grønnsaker og brente filmar.
Eg kjøper med meg det eg trenger og setter meg som oftast ned i parken for å drikke verdens beste jordbær smoothie for 6kr med venner. Før klokka 18:00 eller 21:00 må eg vere tilbake i huset. Det variera frå dag til dag. Før var det veldig strengt at eg måtte vere heime i huset klokka 18:00. Men no som eg har fått tilitten til mamà kan eg vere ute lenger.
Vi reiser ganske ofte ein gjeng ned til elva for å bade og sosialisere oss der. Å badet i elva, er noko alle panamenske folk elskar! Tanta mi ( som eg har eit veldig godt forrhold til no) fortalte meg om at når ho var ung, var elva livet henna. Ho vaska seg der nede, ilag med alle dei 6 søskena henna og mora. Dei vaska kle, bestikk, fat, seg sjølve og ein heil del andre ting nede ved elva. Ho ville vere ved elva frå soloppgang til solnedgang og berre leike seg der kvar dag i sommaren. Ho fortalte meg at ho kan hukse såå godt den første gangen ho prøvde ein dusj, når ho var nesten i tenåra. Ho sa at ho grein og grein, for aldri hadde ho vore med på ein meir kjedelig måte å vaske seg sjølv på... Dåke tenker kanskje at dette høyrest overdrevent ut, men med alt eg har skreve her, har eg fortsatt ikkje klart å forklare halvparten eingang. Eg kan rett og slett ikkje forklare det, det må opplevast!